Lov om gravferd seier at gravferda skal vere gjennomført innan ti dagar etter dødsfallet.

Verdig Gravferdsbyrå hjelper til med å legge til rette for alt det praktiske som må gjerast før, under og etter ei gravferd. Vi tek ansvar for stell og henting av avdøde.

Vi hjelper til med å utforme dødsannonse, og sende denne til aktuelle aviser i samråd med pårørande. Vi tek oss også av utforming og trykking av songhefte til seremonien.

I samråd med pårørande vil vi kunne legge til rette for syning/minnestund.

Vi tek oss av det praktiske kring seremonien, samt pynting i kyrkje/lokale.

Har du andre ynskje, eller behov vil vi gjere alt vi kan for å legge til rette for nettopp det.

Vi ynskjer at du i så stor grad som du vil skal få vere med i prosessen.

Vi er her – for deg.

blomar600_400

Blomar

Vi har avtalar med fleire aktørar som leverer blomar til gravferd. Du kan saman med oss og våre samarbeidspartnarar setje preg på seremonien. Ta kontakt med oss for forslag til kransar, båredekorasjonar og bårekransar.

himmel_graa_6x400

Kostnad ved gravferd

Kor stor den totale kostnaden på gravferda blir er i stor grad avhengig av dei pårørande sine ynskjer og valg.

Ei vanleg gravferd vil ligge på mellom 25.000-30.000 kroner.

Blomar kjem i tillegg til dette.

musikk600_400

Musikk og soloinnslag

Mange ynskje å setje sitt personlege preg på seremonien ved val av musikk og soloinnslag.

Dette kan vere i form av solosong og instrumental musikk.

Vi hjelper til med å skaffe musikalske innslag, både solosong og instrumental musikk.

Vi kan stille med pianist til minnesamvær dersom det er behov for det.

Under songar og tekstar kan du finne ei rekkje forslag på kva songar og salmar som er fine å bruke i gravferd.

Dette er kun eit utval, og du kan velje andre songar.

Vi kan også bistå med fleire forslag om ynskjeleg.

Vi har også el-piano og andre instrument til utleige.

lyd600_400

Lyd

Ikkje alle lokale er like godt rusta med tanke på god lyd og song.

Vi har eit enkelt og lite ruvande lydanlegg med trådlause mikrofonar som vi leiger ut. Det er viktig at alle som er til stade får høyre det som vert sagt og sunge.

kors_6x400

Tankar om eiga gravferd?

Kanskje går du rundt og har tankar om di eiga gravferd?

Kanskje har du spesielle songar, eller tankar om korleis du vil at seremonien skal vere?

Det kan vere vanskeleg å ta opp med sine næraste kva tankar og ynskje ein har for eiga gravferd.

Dersom du ynskje ein prat kring dette, kan du ta kontakt med oss, og saman kan vi setje opp dine ynskje.