OM SORG

[vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_column_text]

”Sorg går ikkje over. Den tek berre ei anna form.
Sorga er som havet…..
Fyrst er bølgjene krappe, så kjem etterdønningane.
Men det blir aldri meir havblikk…”

 

Å miste nokon som står ein nær er vondt og vanskeleg. Det skjer noko med oss.

Livet blir forandra.

Ofte vil vi kjenne smerte over det vi ikkje fekk sagt eller gjort.

Det er normalt å kjenne på eit heilt spekter av ulike følelesar. Takknemlegheit og glede over gode minne, men også engstelse, sinne, skuldfølelse, lettelse eller likegyldigheit.

Som menneske reagerer vi ulikt når vi mister nokon som står oss nær.

Nokon treng å vere åleine med sorga. Bearbeide den på sin eigen måte. Andre treng å kjenne seg omslutta av fellesskap.

Då kan det vere godt å ha familie og vener rundt seg som kan hjelpe deg gjennom dagane, og som kan bidra med praktisk hjelp.

Du vil oppleve at sorga krev deg. Fullt og heilt. Den tek både konsentrasjon og krefter.

Mennesket som vi har mista er framleis med oss, og ein del av livet vårt.

Det fins i dag ulike sorggrupper som ein kan ta del i.

Mange opplever det som viktig å treffe andre som har opplevd å miste nokon som står ein nær.

Ein kan oppleve styrke i å dele sine erfaringar og følelsar.

Mange opplever usikkerheit i møte med menneske som har mista nokon som står ein nær. Det kan difor vere vanskeleg å ta kontakt.

Dei aller, aller fleste set likevel stor pris på eit handtrykk, eit smil, klapp på skuldra eller ein klem.

Mange opplever at ein vil trenge vener meir enn før når ein mister nokon ein er glad i. Ver ikkje redd for å ta kontakt![/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_separator color=»sky» style=»dashed»][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/2″][vc_column_text]Born og sorg

Å takle borna si sorg, samstundes som ein kjenner på si eiga sorg kan vere vanskeleg. Nokon føler for å trekkje seg unna. At borna er for små, at dei ikkje forstår.

Sorg påverkar borna på ein heilt eigen måte. For dei minste kan det vere vanskeleg å skjøne at nokon er borte. Men i ein sorgprosess vil dei likevel sjå endringar på menneska som står dei nær. Ting er ikkje som før. Kanskje ser dei vaksne gråte for aller fyrste gong.

Dette kan skape usikkerheit, og mange blir usikre og let fantasien ta overhand. Etterkvart som borna er større vil dei kjenne på si eiga sorg. Sorg over å miste nokon som stod ein nær. Mange vil kjenne på eit heilt spekter av følelsar.

Det er difor viktig  å vere open med borna om sorg. Snakke med borna om det som har skjedd. Fantasien til borna er godt utvikla, og i mange tilfelle kan den ta overhand.

Det er derfor viktig å bruke tid tid ilag med borna. Lytte, snakke med dei, og svare på dei spørsmål som dei måtte ha.

Borna bør i så stor grad det let seg gjere få vere med på det dei sjølv ynskjer. Det kan vere å sjå den døde i kista, og vere med i gravferda eller bisettelsen.

Ofte kan borna oppleve det som godt å få ta del, og kanskje få legge noko som betyr noko i kista. Dette kan vere noko dei har laga sjølv, teikna eller eit brev dei har skrive. Kanskje ein gjenstand som betyr noko for både avdøde og barnet.

Det er viktig å ta borna si sorg på alvor.

 

Vi har ei rekkje bøker som er retta både mot born og vaksne som vi kan tilrå dersom du synest at denne prosessen er litt ekstra vanskeleg.[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=»1/2″][vc_column_text]
[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_empty_space height=»32px»][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_column_text]Når eit barn døyr

Å miste eit barn er noko av det vanskelegaste vi kan tenkje oss.

Som menneske og som foreldre.

For meir informasjon, og ulike sorgtilbod kan du ta kontakt med

Landsforeininga for uventa barnedød : www.lub.no

Foreininga Vi som har eit barn for lite: www.etbarnforlite.no

 

 

Sjølvmord

Det kan vere ekstra vanskeleg å oppleve eit dødsfall der den avdøde valde å avslutte livet sjølv.

Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord har god erfaring i å rettleie etterlatne, og gje støtte og råd for vegen vidare.

LEVE har eige lokallag på Sunnmøre. Du kan ta kontakt med lokallagsleiar

Eli Leine Sæter, tlf. 414 51326, e-mail: els@tussa.com dersom du ynskjer nokon å prate med.

 

Sjå også heimesida til LEVE; www.leve.no[/vc_column_text][vc_separator color=»sky» style=»dashed»][/vc_column][/vc_row]